søndag 8. februar 2009
søndag 1. februar 2009
Søndagstur
torsdag 29. januar 2009
Mandag var Aurora til frisøren, hu blei heilt kort - lettstelt og greit, men ho frys og må gå med genser.
Mannen nektar og gå tur med hunden når ho har klær på seg, det gjorde han 1 gang....og då var det ein anna mann som lo av (påstår han). Baka boller gjorde me ein kveld, dei blei kjempegode - så takk for god oppskrift Kjersti!:)
I dag har eg og Lucas vært på babysang, det fell i smak hos både liten & stor..Sang og musikk fengar disse søte små.
No er det snart helg, eg startar på forskudd med eit glas rødvin:)
Go` kveld!:)
søndag 25. januar 2009
Lusekoftebodyar
I dag kom eg over ei nettside med klær til babyar, lusekoftebodyar faktisk:)
Så utrulig tøffe syns eg!
Du finn dei på http://uglycc.com/home/
fredag 23. januar 2009
Fredags pizza
No har me nett ete heimelaga pizza med knallgodt tilbehør : Ruccola og parmesan + rapsolje med pressa kvitløk i...nam:)
Anbefales!
Både eg og min kjære sambuar ligg strekk ut på kvar vår sofa, forkjølte og pjuskne og lurar på kven som skal lufte Aurora for kvelden...
Me får ta saks,stein & papir om den saken;)
torsdag 22. januar 2009
lørdag 17. januar 2009
Picasa
Eg har fått dilla på dette Picasa,
når Lucas har lagt seg for kvelden har eg blitt sittande å leka meg med bildene, GØY:)
fredag 16. januar 2009
Små barneføtter
Gleda er mest alt for stor til å bæra.
Hei, vesle unge, velkommen til jord.
Ubrukt er livet ditt, open ligg verda,
ventar og gler seg til dine spor...
Synes dette diktet er så fint at eg måtte få det med her:)
God helg til alle som kikkar innom!
tirsdag 13. januar 2009
Regn...regn...og atter regn...
Eg er ikkje glad i regn, spesielt ikkje når det bles samtidig, og det gjer det jo her i Stavanger..
Men då er det godt at eg fekk gode støvlar av kjærasten til jul:)
På torsdag skal eg og Lucas på barnesang, gler meg! Når me spele musikk til han blir han heilt rolig, så barnesang er
nok midt i blinken for oss:-)
mandag 12. januar 2009
Foccacia - brød
I dag har eg laga Foccacia - brød, det blei knallgodt!
Heva ikkje so mykje som eg ville, men godt blei det alikevel:)
søndag 11. januar 2009
Lørdagskos
I går laga eg pastasalat til meg og kjærasten, oppskrift har eg fått av mi kjære Linda:)
Den blei knallgod!
I dag er himmelens sluser åpne, så me held oss inne i drittværet.
Kenneth maser etter hårklipp både på han og Aurora så eg får vel kanskje finne fram saksa:)
God søndag!
fredag 2. januar 2009
Abonner på:
Innlegg (Atom)